© COPYRIGHT LEMS BUNGALOWS - ALL RIGHTS RESERVED ACTIVITIES Lems Bungalows is located near the beautiful and majestic Sognefjorden, idyllisk omkransa av bratte fjell. Denne vakre lokasjonen innbyr til fleire attraktive frilufts-aktivitetar. Me nemner brevandring på Nigardsbreen i Jostedal og Bøyabreen eller Supphellebreen i Fjærland som attraktive opplevingar. Medan fiskeinteresserte fritt kan utfolda seg i Sognefjorden, kan dei frilufts-interesserte nyte utsikten frå toppane. Skisports-utøvarar vil finna store glede i skibakkane i Hodlekve og Heggmyrane, eller i ein av dei mange turløypene som er å finna i området. For historisk interesserte, kan me nemna museum som Bremuseet i Fjærland, Dei Heibergske Samlingar og Sogn og Fjordane Båtmuseum på Kaupanger. Me nemner og Norsk Villakssenter i Lærdal og Astruptunet i Jølster som aktuelle attraksjonar. I området vil du og finna 3 stavkyrkjer. Borgund, Urnes og Kaupanger Stavkyrkje kan alle vera verdt eit besøk. Den velkjente Flåmsbana, vakre og nasjonalromatiske Nærøyfjorden og Jotunheimen nasjonalpark byr på vakre, naturekte opplevingar, som rangerar høgt på populære attraksjonar i området. I umiddelbar nærleik finn ein og Sogndal sentrum, med handel, idylliske små kafêar, etestader og uteliv. Sjå nettstaden www.sognefjord.no for meir info. Alt du treng å vita om avstandene til dei forskjellege lokasjonene, finn du her. WEBDESIGN : KENFRED - adventures by Sognefjorden -